Bislama

Bislama
Andre namn Bichelamar
Klassifisering Kreolspråk
 Engelskbasert
  Stillehavet
   Bislama
Bruk
Tala i  Vanuatu
Bislamatalande i alt 6 200 (2001)[1]
Skriftsystem Det latinske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-1 bi
ISO 639-2 bis
ISO 639-3 bis
Wikipedia på bislama

Bislama er eit kreolspråk som blir tala på Vanuatu og Ny-Caledonia. Det er et offisielt språk på Vanuatu saman med fransk og engelsk, og blir brukt som eit lingua franca på øygruppa.[1] Bislama er førstespråk for mange bybuarar i Port Vila og Luganville, og andrespråk for mange andre øybuarar. Størstedelen av ordforrådet i bislama kjem frå engelsk, med ein del andre ord frå vanuatiske språk og fransk. Syntaksen er derimot oseanisk.[2]

Namnet på språket er avleidd frå «Beach-la-Mar», ei nemning for sjøpølse. På 1840-talet blei språket nytta i samband med innhausting og tørking av sjøpølser og sanking av sandeltre. Det er også blitt kalla «Sandalwood English».[3]

  1. 1,0 1,1 Ethnologue
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Camden
  3. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Crowley

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy