Bislett-medaljen

Bislett-medaljen rundt halsen på vinnaren Tero Pitkämäki i 2011.
Foto: C. Hill.

Bislett-medaljen er ei utmerking som blir gitt til utøvarar av store bragder på Bislett stadion, hovudsakleg i høve av Bislett Games. Det er Bislettalliansen, eit samarbeid mellom idrettsklubbane IL i BUL, IK Tjalve og SK Vidar som deler ut medaljen. Bislettalliansen står også for arrangementet av Bislett Games.

Medaljen kan også mottakast av andre som har bidrege til å fremja Bislett Games, og i 1985 og 2006 vart medaljen tildelt leiarar og funksjonærar som har hatt mykje å seia for arrangementet. I 1990 blei medaljen tildelt ni utøvarar med historiske resultat frå tidlegare stemne på Bislett stadion. I 2005 blei det presidenten i IAAF som for fyrste gong vart tildelt medaljen.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy