Black Sabbath

Black Sabbath

Black Sabbath i 1970 (frå venstre), Geezer Butler, Tony Iommi, Bill Ward og Ozzy Osbourne
Alias
  • The Polka Tulk Blues Band (1968)
  • Earth (1968–1969)
OpphavBirmingham i England
Aktiv1968–2017 (pausar 1985, 1996–1997, 2006–2011)
SjangerHeavy metal[1]
Tilknytte artistar
Plateselskap
PrisarRock and Roll Hall of Fame, Grammy Award, Grammy Award, Grammy Lifetime Achievement Award

Black Sabbath var eit engelsk rockeband skipa i Birmingham i 1968 av gitaristen Tony Iommi, trommeslagaren Bill Ward, bassisten Geezer Butler og vokalisten Ozzy Osbourne. Dei er ofte blitt rekna som pionerar innan heavy metal.[1] Bandet var med å definere sjangeren med utgjevingar som Black Sabbath (1970), Paranoid (1970) og Master of Reality (1971). Bandet har hatt mange besetningar gjennom åra etter at Osbourne slutta i 1979, med Iommi som det einaste konstante medlemmet.

Etter tidlegare iterasjonar av gruppa - Polka Tulk Blues Band og Earth - bestemde bandet seg for namnet Black Sabbath i 1969. Dei utmerkte seg gjennom okkulte tema med skrekkinspirerte tekstar og nedstemte gitarar. Dei signerte kontrakt med Philips Records i 1969. I november 1970 sleppte dei sin første singel, «Evil Woman», og månaden etter kom debutalbumet Black Sabbath. Sjølv om albumet fekk dårlege kritikkar, vart det ein kommersiell suksess, noko som førte til oppfølgjaren Paranoid seinare same år. Populariteten til bandet auka, og med Sabbath Bloody Sabbath frå 1973 byrja kritikarane å reagera positivt. Dette albumet, saman med forgjengaren Vol. 4 (1972) og etterfølgjarane Sabotage (1975), Technical Ecstasy (1976) og Never Say Die! (1978), såg bandet utforska meir eksperimentelle og progressive stilar.

Osbourne sitt overdrivne rusmisbruk førte til at han fekk sparken i 1979. Han vart erstatta av den tidlegare Rainbow-vokalisten Ronnie James Dio. Sabbath spelte inn to album med Dio, Heaven and Hell (1980) og Mob Rules (1981), der trommeslagar Vinny Appice erstatta Ward på det andre albumet. Etter at Dio og Appice forlét bandet, spelte Butler og Iommi inn Born Again (1983) med Deep Purple-vokalisten Ian Gillan og Ward på trommer. Black Sabbath vart splitta i 1984, og Iommi sette saman ein ny versjon av bandet året etter. Dei neste tolv åra gjekk gjennom bandet mange personellendringar som inkluderte vokalistane Glenn Hughes, Ray Gillen og Tony Martin, og dessutan fleire trommeslagarar og bassistar. Martin, som erstatta Gillen i 1987, var den nest lengst sitjande vokalisten etter Osbourne og spelte inn tre album med Black Sabbath før han vart sparka i 1991. Same år slo Iommi seg saman med Butler, Dio og Appice for å spela inn Dehumanizer (1992). Etter to studioalbum til med Martin, som kom tilbake for å erstatta Dio i 1993, vart den originale besetninga til bandet gjenforeina i 1997 og gav ut livealbumet Reunion året etter; dei heldt fram med å turnera av og til fram til 2005. Bortsett frå diverse nyutgivingar av katalogen deira og samlealbum, og dessutan gjenforeininga av Mob Rules-æraen som Heaven & Hell, var det ingen vidare aktivitet under Black Sabbath-namnet før i 2011 med utgivinga av dei siste studioalbuma deira og 19. album totalt, 13, i 2013, som inneheld alle originalmedlemmene unnateke Ward. I løpet av farvellturneen spelte bandet avslutningskonserten sin i heimbyen Birmingham 4. februar 2017.[3][4] Sporadiske delvise gjenforeiningar har skjedd sidan, seinast då Osbourne og Iommi opptredde saman under avslutningsseremonien til Commonwealth Games i 2022 i Birmingham.[5]

Black Sabbath har selt over 70 millionar plater på verdsbasis per 2013, noko som gjer dei til eit av dei mest kommersielt vellykka heavy metal-banda. Black Sabbath har saman med Deep Purple og Led Zeppelin vorte omtalt som «den uheilage treeininga av britisk hardrock og heavy metal på byrjinga og midten av syttitalet».[6] Dei vart rangerte av MTV som «Det beste metal-bandet gjennom tidene» og kom på andreplass på VH1 si liste over «Dei 100 beste hardrockartistane». Magasinet Rolling Stone rangerte dei som nummer 85 på si liste over «Dei 100 beste artistane gjennom tidene». Black Sabbath vart innlemma i UK Music Hall of Fame i 2005 og Rock and Roll Hall of Fame i 2006. Dei har òg vunne to Grammyprisar for beste metal-framføring, og i 2019 vart bandet tildelt ein Grammy Lifetime Achievement Award.[7]

  1. 1,0 1,1 Tom Larson (2004). History of Rock and Roll. Kendall/Hunt Pub. s. 183–187. ISBN 978-0-7872-9969-9. 
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet :0
  3. «Black Sabbath takker for seg i Birmingham etter siste konsert». BBC News. 5. februar 2017. Henta 5. februar 2017. 
  4. Trendell, Andrew (8. mars 2017). «Black Sabbath bekrefter splittelsen etter nesten 50 år». NME. Henta 8. mars 2017. 
  5. «Black Sabbath's Ozzy Osbourne, Tony Iommi Reunite for Commonwealth Games». Rolling Stone. Henta 9. august 2022. 
  6. McIver, Joel (2006). «Black Sabbath: Sabbath Bloody Sabbath». Chapter 12, s. 1.
  7. «Black Sabbath To Receive Lifetime Achievement Award At 2019 GRAMMYs». Kerrang. 2. januar 2019. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy