Blackstar

Blackstar
Studioalbum av David Bowie
Språk engelsk
Utgjeve 8. januar 2017
Innspelt Januar til mai 2015
Studio The Magic Shop og Human Worldwide i New York City
Sjanger
Lengd 41:14
Selskap
Komponist David Bowie
Produsent
David Bowie-kronologi 
Five Years (1969–1973)
(2015)
Blackstar Who Can I Be Now? (1974–1976)
(2016)
Studioalbum av David Bowie-kronologi
The Next Day
(2013)
Blackstar
Singlar frå Blackstar
  1. «Blackstar»
    Utgjeve: 19. november 2015
  2. «Lazarus»
    Utgjeve: 17. desember 2015
  3. «I Can't Give Everything Away»
    Utgjeve: 6. april 2016

Blackstar (skrive ★)[1] er det 25. og siste studioalbumet til den engelske musikaren David Bowie. Det kom ut verda over 8. januar 2016, same dagen som 69-årsdagen hans, på selskapet hans ISO, Columbia Records og Sony Music. Albumet vart i stor grad spelt inn i løyndom mellom The Magic Shop og Human Worldwide Studios i New York City med den mangeårige medprodusenten til Bowie, Tony Visconti, og ei gruppe lokale jazzmusikarar, som bestod av saksofonisten Donny McCaslin, pianisten Jason Lindner, bassisten Tim Lefebvre og trommeslagaren Mark Guiliana. Gitaristen Ben Monder vart med ensemblet for den siste innspelingsøkta, medan James Murphy frå LCD Soundsystem bidrog med perkusjon. Albumet er meir eksperimentelt enn føregangaren The Next Day, og kombinerte kunstrock med ulike stilar av jazz.

For albumet fann Bowie inspirasjon frå elektroniske grupper som Boards of Canada og hip hop-artistar som Kendrick Lamar og Death Grips. Albumet inneheld nyinnspelte versjonar av to songar, «Sue (Or in a Season of Crime)» og «'Tis a Pity She Was a Whore», som begge opphavleg vart gjevne ut i 2014. Før albumet kom ut kom singlane «Blackstar» og «Lazarus», som det begge vart laga musikkvideoar til. Plateomslaget, designa av Jonathan Barnbrook, består av ei stor svart stjerne med fem stjernesegment i botnen som stavar ordet Bowie.

To dagar etter albumet kom ut døydde Bowie av leverkreft. Det var ikkje offentleg kjend at han var sjuk før han døydde. Visconti har fortalt at Bowie meinte at det skulle bli svanesongen hans og ei «avskjedsgåve» til fansen før han døydde. Då det kom ut vart albumet kritikarrost og ein stor salssuksess. Det toppa albumlistene i mange land etter Bowie døydde og vart det einaste Bowie albumet som nokon gjekk til topps på amerikanske Billboard 200. Albumet låg på førsteplassen av UK Albums Chart i tre veker. Det var det femte bestseljande albumet det året verda over. Det har sidan selt til gull- og platinaplate i høvesvis USA og Storbritannia.

Albumet vann Grammyprisen for beste alternative musikkalbum, beste lydteknikar av ikkje-klassisk musikk og beste plateomslag, medan tittelsporet vann prisen for beste rockesong og beste rockeframføring. Albumet fekk òg prisen som årets album i under Brit Award i 2017. Det vart oppført som eit av dei beste albuma i 2016 og seinare for heile 2010-åra i mange publikasjonar. I åra etter Bowie døydde har Blackstar blitt omtalt som eit av dei beste albuma til Bowie i mange publikasjonar og det vart inkludert i 2018-utgåva av Robert Dimery-boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.

  1. ★ Blackstar – CD, David Bowie & Artist Arena, arkivert frå originalen 28. februar 2016, «★ (pronounced «Blackstar»)» 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by razib.in