Blome

Skogstjerne.

Blom, blome eller blomster er ein plantedel brukt til forplanting av frøplantar. Blomar har ofte fine, fargerike kronblad eller god lukt for å lokka til seg pollinerande insekt og andre dyr. Etter at ein blome er blitt pollinert kan han omdannast til ei frukt.

I daglegspråket kan blome visa berre til dei vakre, fargerike delane av ein plante, medan mindre imponerande, grønare blomar ikkje blir rekna med. Dersom ein plante berre har stengel og blad og ein fin blome på toppen, kan ein òg kalla heile planten ein blome. Har ein plante fleire små blomar tett saman, som i korgplantefamilien, blir ofte heile blomesamlinga rekna som éin blome.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy