Brookitt | |||
Brookitt frå Balochistan | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Oksidmineral | ||
Kjemisk formel | TiO2 | ||
Strunz-klassifisering | 04.DD.10 4/D.15-10 | ||
Dana-klassifisering | 4.4.5.1 | ||
Identifikasjon | |||
Molekylvekt | 79.88 g[1] | ||
Farge | Djup raud, raudaktig brun, gulaktig brun, brun eller svart | ||
Krystallform | Tabular og striated, pyramidal eller pseudoheksagonal | ||
Krystallsystem | Ortorombisk | ||
Tvilling | På {120}, uviss | ||
Kløyv | Dårleg på {120}, in traces på {001} | ||
Brot | Subkonkoidal til irregulær | ||
Mohs hardleiksskala | 5.5 til 6 | ||
Glans | Submetallisk | ||
Strekfarge | Kvit, gråaktig eller gulaktig | ||
Transparens | Opak til translucent | ||
Spesifikk vekt | 4.08 til 4.18 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Biaksial (+) | ||
Brytingsindeks | nα = 2.583 nβ = 2.584 nγ = 2.700 | ||
Dobbeltbryting | δ = 0.117 | ||
Pleokroisme | Veldig svak, gulaktig, raudaktig, oransje til brun | ||
2V-vinkel | Utrekna: 12° til 20° | ||
Dispersjon (spreiing) | 0.131 (jamfør diamant med 0.044) | ||
Ultrafiolett fluorescens | Ikkje-fluorescent | ||
Kjelder | [1][2][3][4] |
Brookitt er ein ortorombisk krystall som er eit mineral av titandioksid. Den er ein fire naturleg forekommande polymorfismar (mineral med same samansetting, men med ulik struktur) av titandioksid, TiO2, som er godkjent av International Mineralogical Association (IMA). Dei andre er akaogiitt (monoklinisk), anatas (tetragonal) og rutil (tetragonal). Brookitt er sjeldan samanlikna med anatas og rutil. Dei er alle fotokatalytisk aktive.[5] Brookitt har eit større cellevolum enn både anatas og rutil, med 8 TiO2 grupper per einingscelle, samanlikna med 4 for anatas og 2 for rutil.[6] Jern (Fe) tantal (Ta) og niob (Nb) er vanlege ureiningar.[3]
Brookitt vart namngitt i 1825[3] etter Henry James Brooke (1771–1857), ein engelsk krystallograf, mineralog og ullhandlar.[1]
Arkansitt er ein variant av brookitt frå Arkansas i USA, som òg er funne i Murunskii-massivet i den austlege delen av Sibir i Russland, der det for øvrig er funne mange andre uvanlege mineral.[3]
Ved temperaturar over om lag 750 °C, vil brookitt gå over til rutilstruktur.[7]