Bunad

Tradisjonelle folkedrakter frå Aust-Telemark, truleg frå 1880-åra. Drakter som dette er grunnlaget for moderne bunadar.
Bunad frå Eggedal i Buskerud fotografert i 1906.

Bunad (frå «kledebunad», der norrønt búnaðr har same rot som «(føre)bu») er ei samnemning brukt om klesdrakter i tradisjonell nordisk stil — ofte utvikla frå folkedrakter, men likevel i ein eigen tradisjon. Ein bunad er typisk ei forseggjord og kostbar drakt, med mykje broderi, og med handsmidde smykke i gull eller sølv, særleg dei særeigne søljene, som obligatorisk prydnad i tillegg. Bunad og bunadbruk er eit debattemne med mange ulike oppfatningar, til dømes om kva som er ein bunad, og om ein kan endra på utforminga av draktene eller ikkje.

Den norske bunadrørsla går tilbake til folkedansrørsla og føregangsfolk som Hulda Garborg og Klara Semb. I dag blir bunad brukt som nasjonaldrakt. Festbunad er likestilt med galla-antrekk, og ofte nytta ved særskilde høve, som konfirmasjonar eller den norske nasjonaldagen 17. mai. Ein mindre forseggjord bunad som kan nyttast til kvardags, vert kalla kvardagsbunad.

Det finst fleire hundre bunadstypar i Noreg, ofte med kvar sine variasjonar. Norsk bunadleksikon frå 2006, som femnar ganske vidt i sin definisjon av bunad, har samla over 400 typar. Bunad blir òg brukt i mange norskamerikanske miljø. I tillegg finst liknande tradisjonar med folkedrakter som minner mykje om bunadar på Færøyane og Island og i Sverige, Finland og Danmark.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy