Calling All Stations

Calling All Stations
Studioalbum av Genesis
Språk engelsk
Utgjeve 1. september 1997
Innspelt Januar til juni 1997
Studio The Farm, Chiddingfold, Surrey
Sjanger
Lengd 67:42
Selskap Virgin
Produsent
Genesis-kronologi 
The Way We Walk, Volume Two: The Longs
(1993)
Calling All Stations Genesis Archive 1967–75
(1998)


Singlar frå Calling All Stations
  1. «Congo»
    Utgjeve: 15. september 1997
  2. «Shipwrecked»
    Utgjeve: 1. desember 1997
  3. «Not About Us»
    Utgjeve: 23. februar 1998

Calling All Stations er det femtande og siste studioalbumet til det engelske rockebandet Genesis, gjeve ut 1. september 1997 på Virgin Records. Det vart spelt inn etter at Phil Collins hadde slutta i bandet i 1996 og enda den 25 år lange perioden hans i bandet. Dei attverande medlemmane, klaverspelaren Tony Banks og gitaristen og bassisten Mike Rutherford, valde å halde fram å skrive ny musikk for eit album. Etter å ha hatt folk på prøvespeling i 1996, valde dei den skotske songaren Ray Wilson som den nye songaren i Genesis

Calling All Stations fekk stort sett negativ omtale då det kom, som meinte det mangla retning. Rolla til Wilson vart likevel positivt motteke. Albumet selde dårleg samanlikna med tidlegare album, men nådde andreplassen på albumlista i Storbritannia.[2] Det nådde 54. plassen i USA.[2][3] Dette markerte første gongen dei ikkje nådde topp 50 i USA sidan 1973. «Congo», den første av tre singlar frå albumet, nådde 29. plassen i Storbritannia.[2] Genesis turnerte i Europpa i 1998, men vitja ikkje USA på grunn av låge billettsal. Gruppa vart oppløyst etter turneen og kom først saman att med Collins i 2006 for Turn It On Again-turneen.

  1. http://www.allmusic.com/album/calling-all-stations-mw0000026641
  2. 2,0 2,1 2,2 Genesis UK chart history, The Official Charts. Henta 14. november 2017.
  3. Calling All Stations USA chart history, Billboard.com. Henta 25. mars 2020.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy