Canned Heat

Canned Heat

På scenen 7. september 1979 under Woodstock Reunion 1979 i Parr Meadows i Ridge i New York
OpphavLos Angeles i California i USA
AktivSidan 1965
Sjanger
Tilknytte artistar
Plateselskap

Canned Heat er eit USA-amerikansk rockeband skipa i Los Angeles i 1965. Gruppa er kjend for tolkingane sine av bluessongar og for å fremje interessa for denne musikktypen og artistane som originalt spelte songane. Bandet vart skipa av to bluesentusiastar, Alan Wilson og Bob Hite, som tok namnet sitt frå Tommy Johnson-songen «Canned Heat Blues» frå 1928, ein song om ein alkoholikar som i desperasjonen drikk Sterno, som vart kalla «canned heat» (tørrsprit) på engelsk (frå det originale produktet frå 1914 kalla Sterno Canned Heat). Etter konsertar på Monterey og Woodstockfestivalen mot slutten av 1960-åra, vart bandet verdskjend med ei besetning som bestod av Hite (vokal), Wilson (gitar, munnspel og vokal), Henry Vestine og seinare Harvey Mandel (sologitar), Larry Taylor (bass og Adolfo de la Parra (trommer).

Musikken og haldninga til Canned Heat gav dei mange fans og dei vart etablert som ein av dei mest populære artistane i hippietida. Canned Heat spelte på dei fleste store musikkhendingane i slutten av 1960-åra, og spelte bluesstandardar og sine eigne songar, som stundom drog ut i lange «psykedeliske» soloar. To av songane deira, «Going Up the Country» og «On the Road Again», vart internasjonale hittar. «Going Up the Country» var ei nyinnspeling av Henry Thomas-songen «Bull Doze Blues», som vart spelt inn i Louisville i Kentucky, i 1927. «On the Road Again» var ein coverlåt av Floyd Jones-songen frå 1953 med same namn, som visstnok igjen var basert på Tommy Johnson-songen «Big Road Blues», spelt inn i 1928.

Sidan tidleg i 1970-åra gjekk bandet gjennom mange besetningsendringar, men den noverande besetninga har framleis med tre av medlemmane frå den klassiske besetninga: de la Parra (som har vore med sidan 1967), Mandel og Taylor. Gjennom det meste av 1990- og 2000-åra var de la Parra den einaste medlemmen frå 60-talsbesetninga til bandet. Han skreiv ei bok om karrieren til bandet kalla Living the Blues.[1] Larry Taylor, som har vore av og på i bandet, er den andre medlemmen som har vore i bandet sidan dei tidlegaste besetningane. Mandel, Walter Trout og Junior Watson er blant gitaristane som har spelt i seinare utgåver av bandet.

  1. Fito De La Parra, Living the Blues.(2000).

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy