Carl Joachim Hambro (1885-1964)

For andre med namnet Carl Joachim Hambro, sjå fleirtydingssida Carl Joachim Hambro.

Carl Joachim Hambro

Fødd5. januar 1885
Bergen
Død15. desember 1964 (79 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, journalist, redaktør, skribent, omsetjar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
MorNico Hambro
FarEdvard Hambro
EktefelleGyda Christensen, Gudrun Grieg
BarnEdvard Hambro, Johan Hambro, Carl Joachim Hambro
MedlemDet Norske Akademi for Språk og Litteratur
Den Norske Nobelkomite
Alle verv

Carl Joachim Hambro, ofte berre C.J.Hambro (5. januar 188515. desember 1964) var ein norsk politikar frå Høgre, journalist, forfattar og omsetjar frå Bergen, død i Oslo.

Han sat på Stortinget frå 1919 til 1957, og var stortingspresident i perioden 19261933 og 19351945 (visepresident i 1934). Han var parlamentarisk leiar i Høgre 19261958 og formann for Høgre 19261934 og 19501954.

I yrkeskarrieren arbeidde han hovudsakleg som journalist og redaktør i Morgenbladet. Han var kjend som ein stor talar og retorikar, og blir rekna som den fremste parlamentarikaren i Noreg i førre hundreåret.[1][2] Hambro organiserte evakueringa av stortingsrepresentane, regjeringa og kongefamilien ut av OsloTyskland invaderte landet den 9. april 1940, og var vidare den som utforma Elverumsfullmakta.[3] Han markerte seg som ein kunnskapsrik politikar, men hadde også kontroversielle meiningar, og hadde ikkje vanskar med å tale personer i og utanfor partiet midt imot. Han var heile livet ein sterk motstandar av ekstreme ideologiar og leiarane for desse.

  1. «Carl Joachim Hambro» (NRK), 30. desember 2004
  2. C.J. Hambro[daud lenkje], utdrag frå «Høyres historie»
  3. Radiosammendrag (NRK)

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy