Chris Squire

Chris Squire

Med Yes i Indianapolis, 30. august 1977
Fødd4. mars 1948(1948-03-04)
FødestadLondon, England
Død27. juni 2015 (67 år)
DødsstadPhoenix i Arizona
FødenamnChristopher Russell Edward Squire
OpphavStorbritannia
Aktiv1965 til i dag
SjangerProgressiv rock, symfonisk rock, pop
InstrumentBass, vokal, tangentinstrument, gitar
Kjende instrumentRickenbacker 4001CS
Tilknytte artistarThe Selfs, The Syn, Mabel Greer's Toyshop, Yes, XYZ, Conspiracy
PlateselskapAtlantic, Wounded Bird, Sanctuary, Lime, Stone Ghost
Verka somMusikar, songar og låtskrivar

Christopher Russell Edward «Chris» Squire (4. mars 194827. juni 2015) var ein engelsk musikar, mest kjend som bassgitarist og korvokalist i progrockbandet Yes. Han var fram til han døydde det einaste medlemmet som var med på alle albuma til bandet. Han vart rekna som ein av dei mest dominerande bassgitaristar i den tidlege britiske progrocken, og påverka likemenn og seinare generasjonar bassistar med den skjerande stilen og dei utførlege, melodiske basslinjene sine. Han spelte hovudsakleg på ein Rickenbacker 4001.

Det første bandet hans var The Selfs som seinare skulle bli til The Syn, som var eit psykedelisk rockeband som hadde moderat suksess i 1967, og turnerte saman med blant andre Pink Floyd. Han møtte så Jon Anderson og Peter Banks då dei spelte saman i Mabel Greer's Toyshop. Rett etter at Anderson og Banks forlét bandet følgde Squire etter og saman starta dei Yes.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy