Codex Manesse

Codex Manesse inneheld eit portrett av Wolfram von Eschenbach
Konrad von Altstetten

Codex Manesse eller Manessiske handskrift (òg kalla Grosse Heidelberger Liederhandschrift) er eit manuskript skrive og illustrert mellom 1305 og 1340 i Zürich for familien Manesse.[1]

Det inneheld kjærleiksdikt (minnesongar) på mellomhøgtysk av viktige diktarar som t.d. Meister Rumelant og mange kjente herskarar. Den tyske minnesongtradisjonen var påverka av provençalsk trubadurtradisjon. Manuskriptet inneheld 137 portrett av forfattarane, som alle blir viste som idealiserte riddarar, kledd i drakter med heraldiske fargar og figurar, til dels med våpenskjold og lansefaner, noko som gjer det mogleg å identifisera dei.

Manuskriptet er no ved Heidelberg universitsbibliotek.[2]

  1. Koschorreck and Werner 1981 discern no fewer than eleven scribes, some working simultaneously, in the production.
  2. «Codex Manesse». Heidelberg University Library. Heidelberg University. Henta March 11, 2023. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy