Colin Blunstone | |||
Blunstone in 2019 | |||
Fødd | 24. juni 1945 (79 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Hatfield i Hertfordshire i England | ||
Fødenamn | Colin Edward Michael Blunstone | ||
Alias | Neil MacArthur | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | Sidan 1958 | ||
Sjanger | Rock, pop | ||
Instrument | Vokal, gitar | ||
Tilknytte artistar | |||
Plateselskap | |||
Verka som | Songar, låtskrivar, musikar |
Colin Edward Michael Blunstone (fødd 24. juni 1945) er ein engelsk songar, låtskrivar og musikar. I ein karriere på over 50 år vart Blunstone kjend i midten av 1960-åra som songaren i det engelske rockebandet The Zombies, som fekk fire singlar på topp 75 i USA i 1960-åra, «She's Not There», «Tell Her No», «She's Coming Home» og «Time of the Season». Blunstone byrja solokarrieren sin i 1969 og gav ut tre singlar under pseudonymet Neil MacArthur. Sidan den gongen har han gjeve ut ti studioalbum og eitt konsertalbum under sitt eige namn. Solohittane hans er mellom andre «She's Not There», «Say You Don't Mind», «I Don't Believe in Miracles», «How Could We Dare to Be Wrong», «What Becomes of the Brokenhearted» og «The Tracks of My Tears». I 2019 vart Blunstone innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som ein del av The Zombies.[1]
Han song òg på fleire album av The Alan Parsons Project[2], som songen «Old and Wise».