Costa Rica

República de Costa Rica

(norsk: Costa Rica, kostarikansk)

Det kostarikanske flagget Det kostarikanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Noble patria, tu hermosa bandera»
Motto ¡Pura vida! («Reint liv!», brukt på folkemunne)
Geografisk plassering av Costa Rica
Offisielle språk Spansk
Hovudstad San José
Styresett
Parlamentarisk republikk
Laura Chinchilla
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
51 100 km² (127.)
0,7 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Folketeljing (2000)
 – Tettleik
 
4 930 258 (122.)
3 810 179[1]
96,5 /km² (85.)
Sjølvstende
Frå Spania
15. september 1821
Nasjonaldag 15. september
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
74 090 mill. USD (91.)
15 700 USD (82.)
Valuta Colón (CRC)
Tidssone UTC -6
Telefonkode +506
Toppnivådomene .cr


Costa Rica er ein republikk i Mellom-Amerika. Landet grensar til Nicaragua i nord og Panama i sør. Landet har kystline mot Atlanterhavet i aust og Stillehavet i vest. Hovudstaden er San José, som ligg midt i landet. Costa Rica har i overkant av 4,5 millionar innbyggjarar (2011), og eit areal på 51 100 km².

Spania tok kontroll over området på 1600-talet som den sørlegaste provinsen i Ny-Spania. Etter å ha vore ein del av det meksikanske riket i kort tid var Costa Rica ein stat i Den sentralamerikanske føderasjonen i perioden 1823 til 1839. Frå 1840-talet var Costa Rica ein uavhengig stat.

Sidan 1800-talet har det berre vore to periodar med ustabilitet i landet. Den fyrste var i 1917 til 1919, då Federico Tinoco herska som diktator. Den andre var i 1948, då ein 44-dagars borgarkrig braut ut som fylgje av eit omstridt presidentval. Hæren blei oppløyst i 1949. Costa Rica er eit av dei få demokratiske landa i verda utan militærvesen. Landet har i dag eit stabilt demokrati, og er det eldste demokratiet i Latin-Amerika.

Costa Rica har eit svært rikt biologisk mangfald, og rundt ein fjerdedel av arealet i landet er verna område, noko som er ein større del enn i noko anna land i verda. I 2007 offentleggjorde regjeringa planar om å bli det første karbonnøytrale landet i verda innan 2021. Det har alltid vore blant dei latinamerikanske landa med høgast HDI, og var i 2012 rangert som nummer 62 i verda. New Economics Foundation rangerte Costa Rica først i verda på sin Happy Planet Index i 2009 og 2012, og som det grønaste landet i verda i 2009. Det har blitt eit populært turistmål, og turistnæringa er ei av dei viktigaste inntektskjeldene i landet. Dei viktigaste eksportvarene er kaffi og bananar, følgd av kakao, sukker, storfekjøt og ananas.

Kart over Costa Rica

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy