DNA

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå DNA (fleirtyding).
Skjematisk framstilling av DNA under kopiering.

DNA (kort for engl. deoxyribonucleic acid, norsk deoksyribonukleinsyre) er eit makromolekyl som inneheld genetisk informasjon, og som er grunnlaget for utviklinga av alle kjende levande organismar og ein del virus. Hovudrolla til DNA er å lagra informasjon på lang sikt. DNA inneheld «oppskrifta» på alle cellekomponentar, t.d. protein og RNA. Dei delane av DNA som inneheld denne informasjonen kallast gen, medan andre delar har strukturelle roller, eller er viktige i reguleringa av geneuttrykkinga.

DNA er bygd opp av to lange polymer. Kvart polymer er sett saman av ein «ryggrad» av annakvart deoksyribosemolekyl og fosfatgruppe. Til kvart deoksyribosemolekyl er det fest ein nitrogenbase. Desse er alltid ein av fire: adenin, guanin, cytosin og tymin. Dei to polymera er vende kvar sin veg. Informasjonen ligg i rekkjefylgja på basane. Baserekkjefylgja vert omdanna til aminosyrerekkjefylgja i protein ved at delar av DNA-molekylet vert kopiert til svarande RNA-basar. Denne prosessen ber namnet transkripsjon.

Inne i cellene er DNA inndelt i kromosom. I forkant av celledelinga vert ein kopi laga av alle kromosoma. Hjå eukaryotar vert DNA-et lagra i cellekjerna, medan det hjå prokaryotar (det vil seie bakteriar og arkebakteriar) vert lagra rett i cytoplasma. DNA-et i kromosoma er bunde til histonar og andre kromatinprotein som hjelp til med å trekkja saman DNA-et før celledeling. Dei spelar òg ei rolle i uttrykkinga av DNA-et.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy