Damaskus

Damaskus
arabisk دمشق
by
Damaskus frå Qasioun.
Kallenamn: Sjasminbyen
Land  Syria
Guvernement Damaskus guvernement,
hovudstad
Del av Hauran
Høgd 680 moh.
Koordinatar 33°30′47″N 36°17′31″E / 33.51306°N 36.29194°E / 33.51306; 36.29194
Areal 105 km²
Folketal 1 711 000  (2009 est.[1])
Tidssone EET
Retningsnummer landkode: 963, bykode: 11
Kart
Damaskus
33°30′47″N 36°17′31″E / 33.513055555556°N 36.291944444444°E / 33.513055555556; 36.291944444444
Wikimedia Commons: Damascus
Nettstad: Damaskus guvernement
Kjelder: Damaskus city area[2]

Damaskus (arabisk دمشق, Dimashq) er hovudstaden og den nest største byen i Syria etter Aleppo. I Syria vart byen òg kalla ash-Sham (arabisk الشام) og kallenamnet er Sjasminbyen (arabisk مدينة الياسمين Madīnat al-Yāsmīn). I tillegg til å vere ein av dei eldste kontinuerleg busette byane i verda, er Damaskus eit stort senter for kultur og religion i Levanten. Byen har ein estimert folkesetnad på 1 711 000 (2009).[1]

Byen ligg sørvest i Syria og er senteret i eit storbyområde med 2,6 millionar menneske (2004).[3] Geografisk ligg byen i dei austlege forberga til Anti-Libanonfjella, 80 km aust for kysten av Middelhavet på eit platå 680 meter over havet. Damaskus har eit halvtørt klima på grunn av regnskuggen frå desse fjella. Elva Barada flyt gjennom Damaskus.

Han vart først busett i det andre tusenåret fvt. og vart vald til hovudstad i Omajade-kalifatet frå 661 til 750. Etter sigeren til abbasidane vart hovudsetet for den islamske makta flytta til Bagdad. Damaskus vart politisk mindre viktig medan abbasidane styrte, og byrja først å bløme att under Ajjubide-dynastiet og mamelukkane. Under det osmanske styret var byen igjen i nedgang, men heldt ein viss kulturell prestisje. I dag er han sete for dei sentrale styresmaktene og heile regjeringa.

Byen har gjeve opphav til namna på damask og damaskusstål.

  1. 1,0 1,1 Central Bureau of Statistics i Syria: Chapter 2: Population & Demographic Indicators Arkivert 2011-02-13 ved Wayback Machine. Table 3: Estimates of Population actually living i Syria in 31. desember 2011 by Mohafazat and six (in thousands)
  2. Albaath.news statement by the governor of Damaskus i Syria Arkivert 2011-05-16 ved Wayback Machine. (arabisk), April 2010
  3. Syrisk statistisk sentralbyrå Folketeljing i Syria i 2004 Arkivert 2013-03-10 ved Wayback Machine.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy