Daniel Hestad

Daniel Hestad


Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. juli 1975 (49 år)
Molde kommune
Idrett fotball

Daniel Berg Hestad (fødd 30. juli 1975) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Molde som spelte 21 sesongar for Molde Fotballklubb, og to (2003-05) for nederlandske SC Heerenveen. Gjennom alle desse sesongane på Molde; 1993-2003 og 2005-15 var han med å vinne fire noregsmeisterskap og tre seriemeisterskap. Hestad har spelt fleire toppseriekampar i Noreg enn nokon annan spelar og har klubbrekorden i talet på kampar for Molde, ein rekord han tok over etter far sin, Stein Olav Hestad. Landslagsspelarane Harry Hestad og Jan Berg er onklane hans.

Midtbanespelaren Hestad deltok i tida 1997-2005 i åtte landskampar for Noreg, utan å skåre mål og utan å etablere seg i landslagstroppen.

Han la opp vinteren 2016, etter at Molde FK rauk ut or Europa-ligaen.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy