Days of Future Passed Studioalbum av The Moody Blues | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 10. november 1967 (Storbritannia) 11. november 1967 (USA) | |
Innspelt | 9. mai – 3. november 1967 | |
Studio | Decca Studios i West Hampstead i London | |
Sjanger | ||
Lengd | 41:34 | |
Selskap | Deram | |
Produsent |
| |
The Moody Blues-kronologi | ||
---|---|---|
The Magnificent Moodies (1965) |
Days of Future Passed | In Search of the Lost Chord (1968)
|
Singlar frå Days of Future Passed | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [5] |
The Music Box | [7] |
PopMatters | [8] |
Rolling Stone (1968) | (middels)[9] |
Rolling Stone (2007) | (positiv)[10] |
Spin | (positiv)[11] |
Sputnikmusic | 5/5[4] |
Uncut | [12] |
Yahoo! Music | (positiv)[13] |
Days of Future Passed er det andre albumet og det første konseptalbumet til det engelske progrockbandet The Moody Blues, og kom ut i november 1967 på Deram Records.[10] Bandet vart med albumet og blandinga av symfoniske element og rock ein av dei første pionerane innan både symfonisk og progressiv rock.
Albumet vart spelt inn på ei tid då The Moody Blues sleit med økonomiske vanskar og mangel på god omtale i musikkpressa og kommersiell suksess. Moderselskapet deira, Decca Records, tilbaud dei ein sjanse til å spele inn eit album i stereo som kombinerte musikken deira med mellomspel framført av orkester. Dei valde å komponere ein suite av songar om livet til ein vanleg mann, der gruppa og orkesteret stort sett spelte kvar for seg og så vart miksa saman. Det vart ein moderat suksess då det kom ut, men etter å ha blitt spelt jamt og trutt på radio og etter singelen «Nights in White Satin» vart ein hitt, klatra det inn på topp 10 i USA i 1972. Det har sidan vorte rekna som eit av dei viktigaste albuma frå 1967 av musikkmagasinet Rolling Stone.