Den Norske Nobelkomite

Komiterommet i Nobelinstituttet. Veggane har portrett av dei tidlegare fredsprisvinnarane.
Foto: Hans A. Rosbach
Det Norske Nobelinstitutt i Oslo.

Den Norske Nobelkomite, ofte berre kalla Nobelkomiteen, er ein komité som består av fem personar som er valde av Stortinget til å dele ut Nobels fredspris. I tillegg blir det også valt tre varamedlemmar. Medlemmane blir valde for ei seks-årsperiode og varamedlemmane for ei tre-årsperiode, med høve til attval. Dei valde treng ikkje vere norske statsborgarar, men til dags dato har alle vore det. Komiteen vel sjølv leiar og nestleiar. Direktøren for Det Norske Nobelinstitutt fungerer som sekretær for komitéen, og sidan 2015 har dette vore Olav Njølstad.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy