Den assyriske kyrkja i Austen

Den assyriske kyrkja i Austen
GrunnleggjarTomas, Thaddeus, Mari
HovudkontorArbil
LeiarMar Gewargis III
Medlemmer400 000[1][2]
Nettstadhttp://assyrianchurch.org/ Sjå dette på Wikidata

Den assyriske kyrkja i Austen er eit kristent autokefalt kyrkjesamfunn som berre anerkjenner dei to første økumeniske kyrkjemøta (Nikea i 325 og Konstantinopel i 381). Ho erklærte seg sjølvstendig i 424 og forkasta konsilet i Efesos i 431. Kyrkja er difor ikkje i kommunion med noko anna kyrkje. Kyrkja er leia av katolikos-patriarken av kyrkja i Austen.

Den assyriske kyrkja går attende på det oldkyrkjelege katolikatet Selevkia-Ktesifon, dvs. på dei kristne forsamlingane som låg austom (Aust-)Romarriket. Ho hadde hovudtyngda si i Persarriket, men fekk medlemmar heilt inn i Aust-Asia. Dermed var ho i mellomalderen den kristne kyrkja med størst geografisk utbreiing.

I dag har kyrkja derimot berre rundt 400 000 medlemmar. Rundt halvparten av desse lever i det opphavlege utbreiingsområdet til kyrkja (Iran, Irak, Syria og dessutan den indiske Malabarkysten) og resten i ein verdsomspennande diaspora (hovudsakleg i USA). Kyrkja har sidan 1964 vore splitta i to greiner:

Domkyrkja til patriarken i Chicago
  1. "Nestorian". Encyclopædia Britannica. Läst 19 april 2010.
  2. «CNEWA United States - The Assyrian Church of the East». Cnewa.org. Arkivert frå originalen 23 juli 2012. Henta 12. juni 2012.  Arkivert 2012-07-23 ved Archive.is

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy