Den dominikanske republikken

República Dominicana

(norsk: Den dominikanske republikken, dominikansk)

Det dominikanske flagget Det dominikanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Quisqueyanos valientes»
Motto Spansk: Dios, patria, libertad (Gud, fedreland, fridom)
Geografisk plassering av Den dominikanske republikken
Offisielle språk Spansk
Hovudstad Santo Domingo
Styresett
Republikk
Leonel Fernández
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
48 670 km² (129.)
1,6 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
10 734 247 (86.)
220,6 /km² (40.)
Sjølvstende
  - Dato
Frå Portugal
27. februar, 1844
Nasjonaldag 27. februar
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
147 600 mill. USD (72.)
USD (.)
Valuta Dominikansk peso
Tidssone UTC -4
Telefonkode +1809 og +1829
Toppnivådomene .do


Den dominikanske republikken er eit land som opptek dei austlege to tredjedelane av øya Hispaniola i Karibia. I vest har landet grense til Haiti. Etter Cuba er Den dominikanske republikken er det nest største landet i Karibia, både i folketal og flatevidd. Folk frå Den dominkanske republikken blir kalla dominikanarar.

Den dominikanske delen av Hispaniola var den første spanjolane busette seg på etter oppdaginga si av «Den nye verda», og hovudstaden Santo Domingo står på UNESCO si liste over verdsarv.[1] Landet fekk sjølvstende i 1821, etter tre hundreår med hovudsakleg spansk styre. Landet har gått gjennom lange periodar med manglande politisk stabilitet og demokrati. USA okkuperte landet frå 1916 til 1924. Diktatoren Rafael Trujillo hadde makta fram til 1961. Den påfølgjande borgarkrigen i 1965 førte til invasjon frå USA og deretter eit autoritært styre frå Joaquín Balaguer i perioden 1966–1978. Etter dette har landet vore eit partamentarisk demokrati, hovudsakleg leia av Leonel Fernández etter 1996.

Kart over Den dominikanske republikken
  1. «Colonial City of Santo Domingo». Henta 27. februar 2009. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy