Den internasjonale domstolen

For andre internasjonale domstolar i Haag, sjå Haag-domstolen
Den internasjonale domstolen


Palas Heddwch, Den Haag, pencadlys y Llys Cyfiawnder Rhyngwladol Sjå dette på Wikidata
Skipa1945
Forgjengar(ar)Den faste domstolen for mellomfolkeleg rettspleie
MorselskapDei sameinte nasjonane
LandNederland
StyreleiarJoan Donoghue (8. februar 2021)
Nettstadhttps://www.icj-cij.org (fransk)

Den internasjonale domstolen, på engelsk International Court of Justice, ICJ, er SN sin domstol. Domstolen vart skipa i 1945 og starta verksemda si i 1946. Den har sete i Haag i Nederland. Domstolen vart skipa som ein direkte etterfølgjar til Den faste domstolen for mellomfolkeleg rettspleie som var i verksemd frå 1921 til 1940.

Den internasjonale domstolen er det øvste juridiske organet i FN og har som oppdrag å bidra til at internasjonale lover blir følgde. [1] Det er berre statar som kan vere partar i saker som blir teke til handsaming i domstolen. Dersom ein stat ikkje ynskjer å vere part, kan den ikkje tvingast til det. Men godtar ein stat å møte for domstolen, har staten i utgangspunktet plikt til å respektere domstolen si avgjerd.

  1. The Court - ICJ, arkivert frå originalen 5. februar 2016, henta 28. januar 2010 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy