Den normanniske erobringa av England

Bayeuxteppet er ei normannisk framstilling av erobringa av England laga kort tid etter at ho fann stad.
Slaget ved Hastings var den avgjerande hendinga som gjorde at England kom på normanniske hender. Slaget blir gjenutspelt årleg ved Battle i East Sussex.

Den normanniske erobringa av England byrja i 1066 då kongedømet England vart invadert av hæren til Vilhelm Bastarden, hertug av Normandie, sidan kalla Vilhelm Erobraren. Vilhelm sigra i slaget ved Hastings, og dette resulterte i etableringa av normannisk kontroll over det angelsaksiske England. Den normanniske erobringa var ei vesentleg og omveltande hending i engelsk historie av fleire årsaker. Ho fjerna i stor grad den eksisterande herskande klassen og erstatta han med eit utanlandsk fransktalande monarki, aristokrati og prestehierarki.

Dette førte til ei omforming av språket og kulturen i landet. Ved at England vart underlagt herskarar som hadde opphavet sitt i Frankrike vart landet knytt tettare til kontinentet medan den tidlegare skandinaviske innverknaden vart langt mindre eller nærast opphøyrde. Det sette òg i gang ei rivalisering med Frankrike som kom til å fortsetje uavbroten dei neste 750 åra, frå 1066 og fram til 1815. Det hadde òg store konsekvensar for resten av Dei britiske øyane, ved at det la vegen open for ein normannisk invasjon av Wales og Irland, og omfattande inntrenging i aristokratiet i Skottland av normanniske og andre fransktalande familiar, og innføringa av føydalt system i sørlege Skottland. Det er viktig å merke at normannarane ikkje var skandinavar, sjølv om ein del av forfedrane deira var det. Det var fransk føydal mellomalderkultur som omforma England, ikkje norrøn.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy