Den romerske republikken

Roma i republikansk tid.

Den romerske republikken (latin Res Publica Romanorum) er ei nemning på styresettet i det området byen Roma herska over frå 510 fvt. til omdanninga til det romerske keisarriket. Sjølve omgjeringa frå republikk til keisarrike var ein lang prosess, men det er ofte sett i samanheng med Julius Cæsar si utnemning av seg sjølv som diktator på livstid i 44 fvt., og 2. september 31 fvt., slaget ved Actium. Den 16. januar 27 fvt., då senatet gav Octavian tittelen Augustus, er den vanlegaste tidfestinga av slutten på republikken.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy