Departement

Departement er ei nemning som kjem frå fransk språk. Omsett til norsk språk tyder ordet noko nær område eller avdeling. Nemninga vert i Noreg bruka på det nivået i statsadministrasjonen som er direkte lagt inn under ein statsråd eller minister. Døme er Utanriksdepartementet, Olje- og energidepartementet og Miljøverndepartementet.

I Frankrike og i fleire andre land tyder departement (fransk département, spansk departamento) ei adminstrativ eining nokolunde tilsvarande eit norsk fylke (ein provins).


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy