Departement i Colombia

Colombia er ein einskapleg republikk danna av trettito departement, (spansk: 'departamentos') og eit hovudstadsdistrikt (Distrito Capital). Kvart departement har ein guvernør (gobernador) og eit styre (Asamblea departamental), begge valde ved folkerøysting for ein fireårsperiode. Guvernøren kan ikkje velgast att i påfølgjande periodar. Departement er dei administrative hovudinndelingane av landet og blir gjevne ei viss grad av sjølvstyre.

Departement er danna av ei gruppering av kommunar (municipios). Kommunestyret blir leidd av ordføraren (alcalde) og blir administrert av eit kommunestyre (Concejo kommunal), som begge veljast for fire år av gongen.

Hovudstadsdistriktet er hovudstaden i landet, Bogotá. Bogotá er dels avhengig av Cundinamarca-departementet som omgjev byen.

Urfolksterritorium

Colombias urfolksterritorium er oppretta etter avtale mellom regjeringa og dei einskilde urfolkssamfunn. I tilfelle kor urfolksterritorium dekker meir enn eit departement eller ein kommune, vil lokale styresmakter i fellesskap forvalte urfolksråda for slike territorium, som fastsett i artikkel 329 og 330 av grunnlova i Colombia. Urfolksterritorium kan òg ha karakter av kommune viss dei oppfyller krava i loven. Ein finn dei fleste urfolksterritorium i departementa Amazonas, Cauca, La Guajira, Guaviare og Vaupés.[1]

  1. Colombiaya.com (red.). «Division Política de Colombia». Arkivert frå originalen 10. april 2013. Henta 9. april 2015. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy