Der Ring des Nibelungen

Der Ring des Nibelungen (Nibelungenringen) er ein syklus av fire episke operaer av Richard Wagner, inspirert av germansk og nordisk mytologi. Både musikken og librettoen er komponert av Wagner over ein periode på 26 år, frå 1848 til 1876.

Første ferdigkomponerte opera i verket, Rhingullet, hadde urpremiere i 1869. Nibelungenringen blei uroppført som samla verk i august 1876 i det nyoppførte festspelhuset i Bayreuth i Tyskland, der den mest berømte framføringa av verket framleis har fleire års ventetid på billettar.

Ring-syklusen består av:

Ringen er eit ambisiøst verk av enorme dimensjonar; operaene varer samla over 15 timar – den siste, Götterdämmerung, kan vare opp til fem timar aleine. Tetralogien følgjer gudar, heltar, fabeldyr og gigantar over tre generasjonar, i kampen deira om Ringen, som gjev beraren makt over heile verda.

Musikken er fyldig og samansett, og aukar i kompleksitet gjennom syklusen. Wagner skreiv for eit orkester som på den tida var av uhøyrd storleik, og han bygde endatil eit eige operahus i Bayreuth spesielt for Ringen. Scena blei bygd med tanke på at orkesteret ikkje skulle overdøyve songarane, som elles ville slite seg ut i dei lange førestillingane. Akustikken i dette teateret er av det beste i verda; andre stader er det ofte vanskelegare å oppnå balanse mellom songarar og orkester. Kvart år vert Bayreuther Festspiele arrangert, der desse og andre av Wagner sine operaer vert framførte.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy