Det andorranske flagget

Flaggets størrelsesforhold: 7:10

Det andorranske flagget vart ført inn i 1866. Det erstatta eit tidlegare tofarga flagg i raudt og gult. Det noverande flagget vert av somme attribuert til Napoleon III av Frankrike.

Flagget er sett saman av ein vertikalt delt trikolor med blått felt mot stonga, gult i midten og raudt ytst, med det andorranske riksvåpenet i sentrum.

Det skal vere tilfeldig at det andorranske flagget er meir eller mindre identisk med flagga til Moldova, Romania og Tsjad.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy