Det internasjonale fonetiske alfabetet

For staving av ord ved radiokommunikasjon, sjå bokstaveringsalfabet.

Det internasjonale fonetiske alfabetet (i daglegtale IPA-lydskrifta, frå det engelske namnet International Phonetic Alphabet) er eit fonetisk alfabet som lingvistar brukar til å representera dei språklydane (fonar eller fonem) som taleorgana til mennesket kan produsera. IPA er meint å vera ein standard for lydskrift i alle språk. Dei fleste teikna kjem frå det latinske alfabetet, medan andre er tekne frå gresk og nokre få teikn som ikkje finst i noko skriftspråk.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy