Det nauriske flagget

Det nauriske flagget. Storleikstilhøve 1:2.

Det nauriske flagget har blå bakgrunn og ei gul horisontal line på midten. Under den gule lina er det ei kvit stjerne som symboliserer den geografiske posisjonen til Nauru rett sør for ekvator. Dei tolv spissane på stjerna symboliserer dei tolv urstammane i Nauru.[1]

  1. Smith, Whitney (19. juli 2013). «Flag of Nauru». Encyclopædia Britannica. Henta 17. september 2014. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy