Det portugisiske imperiet

Det portugisiske imperiet (1410-1999)

Det portugisiske imperiet var det første verdsomspennande imperiet i historia, og det eldste og mest langvarige av dei vest-europeiske kolonirika. Imperiet varte frå 1415 til 1999.

Det var tilknytinga til havet som gjorde at kongedømmet kunne erobre Ceuta i 1415 og utforske Atlanterhavet tidleg på 1400-talet. Henrik sjøfararen grunnla ein sjøfartsskule i Sagres, og dette fostra nyvinningar som karavellen i tillegg til at den portugisiske kartografien vart vidareutvikla. Hundre år seinare vart målet nådd om å finne ei sjørute til India, og Kongedømet Portugal byrja å ekspandere utover i verda. Dei berømte oppdagarane Bartolomeu Dias, Vasco da Gama og Magellan var portugisarar, sjølv om den sistnemnde seglde for den spanske krona, som var Portugal sin konkurrent innan sjøfart etter 1492.

Imperiet var avgrensa til ei samling av små men godt vakta utpostar langs kysten, på grunn av Portugal sitt relativt låge folketal og litle utstrekning. Imperiet var på sitt mektigaste på 1500-talet, men på grunn av manglande engasjement frå Habsburg-kongane og konkurransen med dei nye kolonimaktene England, Frankrike og Holland, starta eit langvarig og gradvist forfall. Etter 1700-talet konsentrerte Portugal seg om koloniseringa av Brasil og dei afrikanske territoria. Gull frå Brasil gav ny næring til imperiet, men det katastrofale jordskjelvet i Lisboa i 1755, gjekk svært hardt ut over imperiehovudstaden, og vart byrjinga på slutten av Portugal sin mektige posisjon på den internasjonale politiske arenaen. I 1822 vart Brasil uavhengig, og i 1890 gjorde det britiske ultimatumet ende på dei portugisiske planane om ein liknande storkoloni i Afrika.

Etter andre verdskrigen freista Portugal under Salazar-regimet å motarbeide avkoloniseringa, noko som førte til at den portugisiske kolonikrigen braut ut i 1961, og varte til 1974. Etter at Goa og Daman og Diu vart overtekne av India, vart det portugisiske herredømet i Asia redusert til å berre omfatte Macau (eigentleg eit kinesisk territorium forvalta av Portugal) og Aust-Timor. Etter nellikrevolusjonen i 1974, endra Portugal politisk kurs, og byrja å støtte sjølvstende til koloniane sine. Det oversjøiske portugisiske imperiet fekk ein endeleg slutt då Portugal leverte Macau over til Kina i 1999, sjølv om Aust-Timor var eit de jure portugisisk territorium fram til det vart uavhengig i 2002. Imperiet har fått ein kulturell arvtakar gjennom Samveldet av portugisisktalande statar, CPLP.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy