Det saudiarabiske flagget

Det saudiarabiske flagget. Storleikstilhøve 2:3
Den første saudiarabarane på Mount Everest, Farouq Alzouman, med Koranen og det saudiarabiske flagget.

Det saudiarabiske flagget er eit grønt flagg med kvite symbol. Sentralt på flagget står den muslimske truvedkjenninga i thuluth-skrift, under denne er det plassert eit rett sverd. Flagget blei teke i bruk som nasjonalflagg i si noverande form den 15. mars 1973. Det blir nytta på land og til sjøs som statsflagg og orlogsflagg.

Flagget har storleikstilhøvet 2:3. Det er likt på begge sider; baksida skal ikkje vera spegelvendt.[1]

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet saudiembassy

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy