Dialektkontinuum

Eit dialektkontinuum er ei rekkje av dialektar som er slik at alle talarane av nabodialektar forstår kvarandre, men likevel slik at dialektar langt frå kvarandre i kontinuumet ikkje er forståelege seg i mellom.[1]

Eit klassisk døme på dialektkontinuum er dei samiske språka for 50 år sidan. Samiske nabodialektar er gjensidig forståelege, men språk som er skilde frå kvarandre, som nordsamisk og sørsamisk, er ikkje gjensidig forståelege.[2] Eit anna er dei romanske språka, der t.d. galisisk er eit mellomsteg mellom portugisisk og kastiljansk, og språket i Aostadalen eit mellomsteg mellom fransk og italiensk.

  1. Språkmøte. Innføring i sosiolingvistikk. ISBN 978-82-02-28344-5. 
  2. «Samisk språk i Noreg», Samiske veivisere (på norsk bokmål), henta 30. juli 2024 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy