Discovery-ekspedisjonen

Ekspedisjonsskipet «Discovery» i den antarktiske isen.

Discovery-ekspedisjonen (engelsk British National Antarctic Expedition, 1901–04, alment kjend som Discovery Expedition) var den første offisielle britiske utforskinga av Antarktis sidan reisa til James Clark Ross seksti år tidlegare. Den omfattande ekspedisjonen vart organisert i fellesskap av Royal Society og Royal Geographical Society (RGS), og tok sikte på å gjennomføre vitskaplege og geografiske undersøkingar i det som hovudsakleg var eit urørt kontinent. Ekspedisjonen var òg starten på den antarktiske karrieren for mange som seinare skulle bli viktige personar i «den heroiske tidsalderen for antarktiskutforsking», blant andre Robert Falcon Scott, som leia ekspedisjonen, Ernest Shackleton, Edward Wilson, Frank Wild, Tom Crean og William Lashly.

Dei vitskaplege resultata dekte omfattande område innan biologi, zoologi, geologi, meteorologi og magnetisme. Det vart gjort viktige geologiske og zoologiske funn, som oppdagingane av dei snøfrie McMurdo Dry Valleys og koloniane av keisarpingvinar ved Cape Crozier. Den geografiske utforskinga førte blant anna til oppdaginga av King Edward VII Land og polarplatået via fjellruta i vest. Ekspedisjonen gjorde ingen seriøse forsøk på å nå Sørpolen, men presterte å setje ein ny sørleg rekord då ei gruppe på tre menn nådde 82°17' sørleg breidde.

Som inspirasjon for seinare reiser var Discovery-ekspedisjonen ein milepåle i britane si utforsking av Antarktis. Etter at han kom heim vart han feira som ein suksess, trass i at det hadde vore naudsynt med ein kostbar hjelpeaksjon for å få «Discovery» og mannskapet laus frå isen, og seinare tvistar om kvaliteten på nokre av dei vitskaplege resultata. Det har vorte hevda at den største feilen til ekspedisjonen var den manglande evna til å meistre teknikken for effektive polarferder med ski og hundar[1] – ein arv som følgde dei britiske antarktisekspedisjonane gjennom den heroiske tidsalderen.

Kart som viser dei generelle arbeidsfelta til Discovery-ekspedisjonen, 1902–04.
Hovudturar:██ Reise til lengst mot sør, november 1902 til februar 1903.██ Reise mot vest, gjennom fjellruta til polarplatået, oktober–desember 1903.██ Reiser til meldingspunkt og koloniane med keisarpingvinar ved Cape Crozier, oktober 1902, september og oktober 1903.
  1. Huntford, s. 188

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy