Distrikt i Israel

A clickable map of Israel.GolanhøgdeneDet nordlege distriktet i IsraelHaifa distriktHaifa distriktDet sentrale distriktet i IsraelDet sentrale distriktet i IsraelTel Aviv distriktDet sørlege distriktet i IsraelJerusalem distriktJudea and SamariaområdetVestbreidda
A clickable map of Israel.
Folketettleik etter geografisk region, underdistrikt og distrikt.

Det er seks administrative distrikt i Israel, på hebraisk kalla mehozot (מחוזות; eintal: mahoz) og arabisk mintaqah og femten underdistrikt kalla nafot (נפות; eintal: nafa). Kvart underdistrikt er vidare delt inn i naturlege regionar, som det finst 50 av.

Tala i denne artikkelen er baser tpå tala frå Israelsk statistisk sentralbyrå og omfattar alle stader under israelsk sivilt styre, inkludert dei israelskokkuperte territoria der dette er tilfelle. Derfor er Golan underdistrikt og dei fire naturlege regionane ein del av tala på underdistrikt og naturlege regionar, sjølv om dette ikkje er anerkjent av Dei sameinte nasjonane eller det internasjonale samfunnet som israelsk territorium. Folketala under for Jerusalem distrikt inkluderer på same vis Aust-Jerusalem som vart annektert av Israel, noko som heller ikkje er anerkjent av Sn eller det internasjonale samfunnet. Judea- og Samariaområdet er derimot ikkje med i talet på distrikt og underdistrikt, sidan Israel ikkje har sivilt styre i denne delen av Vestbreidda.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy