Distrikt i Syria

Dei 14 guvernementa, eller muhafazat (eintal muhafazah) i Syria er delte inn i 65 distrikt, eller manatiq (eintal mintaqah), inkludert byen Damaskus. Distrikta er vidare delte inn i 281 underdistrikt, eller nawahi (eintal nahiya).[1] Distrikta har same namn som distriktshovudstadane.

Distrikta og underdistrikta er styrte av tenestemenn som er utpeikt av guvernøren og godkjend av innanriksministeren. Tenestemennene arbeider med eit vald distriktsråd for å ta seg av lokale saker og tene som mellommenn mellom dei sentrale styresmaktene og tradisjonelle lokale leiarar, som landsbyhøvdingar, klanleiarar og eldsteråd.

Byen Damaskus er både guvernement, distrikt og underdistrikt.

Merk at delar som brukte å høyre til Quneitra guvernement har vore under israelsk kontroll sidan 1967 (sjå Golanhøgdene).

  1. «Syria Description 2003» (på arabisk). Central Bureau of Statistics of Syria. Arkivert frå originalen 3. juli 2007. Henta 1. april 2014. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy