Doge

Portrett av dogen Giovanni Mocenigo. Gentile Bellini, 1480.

Doge (uttalt [doːdʃe], «dådsje») var tittelen til statsoverhovuda i republikkane Venezia og Genova.[1] Det var dogar i Venezia frå 697 til 1797. Genova tok etter venetiansk modell tittelen i bruk frå 1339 til 1805.

Tittelen er avleidd frå det latinske dux, 'leiar',[1] som i den romerske republikken var ei nemning på den øvste militære leiaren i ein grenseprovins.

Dogen vart vald på livstid, mellom kandidatar frå dei rikaste og mektigaste familiane, men vart aldri ein arveleg tittel.

  1. 1,0 1,1 «doge» i Nynorskordboka.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy