Domestisering

Mann og fårehund gjeter sauer inn i ei innhegning. Hund og sau er blant dei første domestiserte dyra me kjenner til. Graset dei går på er ein domestisert planteart.
Foto: C Michael Hogan

Domestisering (lat. domesticus, 'som gjeld huset') eller temjing viser til overgangen for ville dyr og plantar til å bli husdyr og kulturplantar. Menneske har domestisert ulike artar sidan steinalderen, og prøver stadig å domestisera nye.

Ofte vil både mennesket og den domestiserte arten ha utbytta av prosessen. Mennesket bruker arten til nytte, hygge eller pynt, medan arten får hjelp til å overleva og spreia genene sine. Artar som har vore domestiserte i fleire generasjonar går gjennom eit selektivt utval, ei form for evolusjon, som gjer dei ulike ville artsfrendar, til dømes når det gjeld oppførsel, formeiring, vekst og utsjånad. Samstundes er det mogleg at naturleg utval har bidrege til å gjera nokre medlemmer av ein art lettare å domestisera.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy