Douala

Douala
by
Land  Kamerun
Areal 210 km²
Folketal 2 768 436 (2015)
Kart
Douala
4°03′N 9°42′E / 4.05°N 9.7°E / 4.05; 9.7
Wikimedia Commons: Douala

Douala er ein by i Kamerun og regionshovudstad i Littoral. Byen ligg ved munningen av elva Wouri, rundt to mil frå fra Guineabukta.[1] Namnet Douala stammar frå bantufolket duala/douala, som opphavleg budde på staden. Namnet erstatta det tidlegare Kamerunstadt i 1907.[1] Douala hadde 1 884 802 innbyggarar i 2005. Byen har lenge hatt omtrent like stort folketal som den kamerunske hovudstaden Yaoundé. Lenge var Douala den største byen i Kamerun, men no er Yaoundé større.

Byen har ein stor produksjon av kakao, kaffibønner, palmeolje, bananar og tømmer. Desse varene blir eksporterte via hamna. Douala har også tekstil-, næringsmiddel- og treforedlingsindustri, og det blir drive produksjon av øl, leskedrikkar og aluminiumsprodukt her.[1]

Douala blei tysk i 1884, med namnet Kamerunstadt, og var hovudstaden i Tysk Kamerun frå 1901 til 1916. Frå 1940 til 1946 var han hovudstaden i Fransk Kamerun.[1]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Douala». Store norske leksikon (på norsk). 2. mars 2024. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy