Dronning

Victoria av Storbritannia var ei mektig regjerande dronning.

Ei dronning kan vera kona til ein regjerande konge, eller sjølv vera den regjerande monarken i eit land. Ektemannen til ei regjerande dronning er derimot ikkje ein konge; han har andre titlar, som prinsgemal (dansk) eller prince consort (engelsk). Mora til ein regjerande monark som ikkje sjølv har formell makt blir ofte kalla dronningmor.

I praksis er ikkje skiljet mellom ulike dronningar absolutt. Ei inngift dronning har ofte fått mykje makt over kongen, medan ei enkjedronning kan ha herska heilt eller delvis etter å ha mista mannen sin, ofte på vegne av ein mindreårig son. Dronningar kunne oppnå makt ved hjelp av eige evner eller på grunn av slektskap, ettersom dei i tidlegare tider gjerne kom frå kongelege familiar i andre land.

Også dronningar utan mykje innverknad på samfunnet rundt seg er blitt sett på som symbol for landet eller kongsmakta. Marie Antoinette, den siste dronninga før den franske revolusjonen, er eit døme på dette. Ho blei sett på som lettsindig og fjerna frå folket, og blei avretta som ein forhatt representant for monarkiet.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy