EM i fotball 2000

Deltakarlanda i fotball-EM 2000
Finalemannskapa før avspark, Frankrike til venstre

Europameisterskapen i fotball 2000 var den ellevte europameisterskapen i fotball for menn. Meisterskapen vart for fyrste gong avvikla i to vertsland; Belgia og Nederland. Begge fekk friplass til sluttspelet, som tok til 10. juni i Brussel og vart avslutta i Rotterdam den 2. juli 2000. Frankrike vart europmeister etter finalesiger 2-1 over Italia. Dei 31 kampane vart spelt på åtte arenaer i like mange byar; Charleroi, Liège, Brussel, Brugge, Eindhoven, Arnhem, Rotterdam og Amsterdam. 49 land deltok i kvalifiseringa til meisterskapen.

For fyrste og, til 2015, einaste gong, var Noreg med i europameisterskapen for menn. Dei seksten deltakarlanda i sluttspelet vart fordelt i fire like store grupper. Dei to beste landa i kvar av gruppene gjekk til kvartfinalane. Noreg vart nummer tre i gruppe C, og rauk ut med dårlegare målskilnad enn Jugoslavia.

I kvartfinalane vann Portugal, Italia, Frankrike og Nederland over høvesvis Tyrkia, Romania, Spania og Jugoslavia. Begge semifinalane var jamne; Frankrike gjekk til finale på ein såkalla «golden goal» av Zinédine Zidane i det 117. minutt, medan Italia vann over Nederland i straffesparktevling.

Savo Milošević frå Jugoslavia og Patrick Kluivert frå Nederland skåra kvar sine fem mål.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy