República del Ecuador
(norsk: Ecuador, ecuadoriansk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Salve, Oh Patria» | ||||||
Motto | spansk:La Paz y el Bienestar, la Gloria y el Triunfo | ||||||
Offisielle språk | Spansk | ||||||
Hovudstad | Quito | ||||||
Styresett |
Republikk Daniel Noboa | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
283 561 km² (73.) 8,8 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
16 290 913 (67.) 57,5 /km² (122.) | ||||||
Sjølvstende - Dato |
Frå Spania 24. mai 1822 | ||||||
Nasjonaldag | 10. august | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
181 800 mill. USD (64.) 11 600 USD (103.) | ||||||
Valuta | Amerikansk dollar2 | ||||||
Tidssone | UTC -5 og UTC -6 (Galapagos) | ||||||
Telefonkode | +593 | ||||||
Toppnivådomene | .ec | ||||||
Ecuador er eit land ved ekvator, nordvest i Sør-Amerika. Landet grensar til Colombia og Peru og har kystline mot Stillehavet. Ecuador er eit av dei minste landa på dette kontinentet, det åttande største målt i flatevidd. Samanlikna med europeiske land er Ecuador litt mindre enn til dømes Italia. Folkesetnaden i landet er prega av etnisk mangfald med ca. 65 % mestisar og ca. 25 % urfolk (CIA faktabok [1] Arkivert 2005-11-12 ved Wayback Machine.). Urfolket er ei samling av mange ulike grupper av indianarfolk kor majoriteten snakkar ulike dialektar quechua. Spansk er offisielt språk i landet. Økonomien i landet er påverka av fluktuasjonar i råoljepris. På siste halvdelen av 1990-talet var landet prega av politiske og økonomiske kriser. Etter at inflasjonen nådde 60 % i 1999 innførte styresmakta amerikanske dollar som offisiell valuta frå mars 2000. Frå då av blei også økonomien stabilisert. Geografisk og klimatisk er landet tredelt i ei varm kystsone, eit mildt høgland og ein våt og varm regnskog. Petroleum, fisk, tømmer og vasskraft er viktige naturressursar.