Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Eksingadalen | |||
stad | |||
Parti frå staden Bergo og Bergovatnet i Eksingadalen
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Vaksdal | ||
Postnummer | 5728 EIDSLANDET | ||
Preposisjon | i Eksingadalen | ||
Eksingadalen 60°46′53″N 5°52′30″E / 60.78128889°N 5.87511111°E | |||
Wikimedia Commons: Eksingedalen |
Eksingadalen (ofte skrive Eksingedalen) er eit fem mil langt dalføre som utgjer den nordre delen av Vaksdal kommune i Vestland fylke. Dalen er ei typisk jordbruksbygd, og det bur om lag 300 menneske her. Dalføret startar ved bygda Eidslandet, inst i Eidsfjorden, og strekkjer seg fem mil nord-austover til den øvste garden Gullbrå som ligg på 584 moh. Gjennom heile dalen renn elva Ekso, som er ei rik fiskeelv. Fjellaure er å finna i heile elva, og i den nedre delen finst òg laks og sjøaure. Eksingadalen har med Fv569 vegsamband til resten av Vaksdal og til Modalen kommune gjennom Modalstunnelen. På Fv313 over Nesheimsfjellet har Eksingadalen vegsamband til Voss kommune. Det høgste fjellet i Eksingadalen er Kvitanosi med sine 1433 moh. Kvitanosi høyrer geografisk til Eksingadalen, men ligg i Voss kommune. Ved toppen ligg det restar av eit tysk flyvrak som styrta under andre verdskrigen.[1] Innanfor Vaksdal sine kommunegrenser er det høgste fjellet i dalen (og i Vaksdal) Skjerjavasshovden med sine 1264 moh. Til Eksingadalen tilstøyter òg det populære turområdet Stølsheimen. Største vatnet i dalen, som er ein del av elva Ekso, er Bergovatnet på Bergo. På Bergo finn ein òg barnehagen, barneskulen og ungdomsskulen i dalen. På Lavik i Eksingadalen, ca. midt i dalen, er det butikk.