República de El Salvador
(norsk: El Salvador, salvadoransk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Saludemos la Patria orgullosos» | ||||||
Motto | Dios, Unión, Libertad (Gud, eining, fridom) | ||||||
Offisielle språk | Spansk1 | ||||||
Hovudstad | San Salvador | ||||||
Styresett |
Republikk Nayib Bukele | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
21 041 km² (150.) 1,5 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
6 172 011 (108.) 293,3 /km² (29.) | ||||||
Sjølvstende |
Frå Spania 15. september 1821 Frå Den sentralamerikanske føderasjon 1842 | ||||||
Nasjonaldag | 15. september | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
52 880 mill. USD (105.) 8 600 USD (117.) | ||||||
Valuta | Amerikansk dollar og colon | ||||||
Tidssone | UTC -6 | ||||||
Telefonkode | +503 | ||||||
Toppnivådomene | .sv | ||||||
1 Pipil er eit indiansk språk og ein reknar med at det er mindre enn 50 personar som talar språket i dag. Språket er nesten dødt ut. Pipil vert rekna til den uto-aztekiske språkgreina. |
El Salvador (spansk, tyder 'frelsaren') er ein republikk (offisielt namn: República de El Salvador) som ligg i Mellom-Amerika og grensar til Guatemala, Honduras og i Fonsecabukta mot Nicaragua. Landet er det minste i Mellom-Amerika og har til skilnad frå dei fleste andre landa her ikkje kyst mot Det karibiske havet, berre mot Stillehavet. Landet har ein folkesetnad på kring 6,9 millionar menneske og har den største folketettleiken i regionen.