England

England

(norsk: England, engelsk)

Det engelske flagget Det engelske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Ingen offisiell, vanlegvis nyttar ein «God Save the King»»
Motto Dieu et mon droit
Offisielle språk engelsk (de facto)
Hovudstad London
Flatevidd
 – Totalt
 
130279 km²
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Folketeljing (2011)
 – Tettleik
 
55619400
53012456
424,3/km²
Nasjonaldag 23. april
BNP
 – Totalt (2016)
 – Per innbyggjar
 
1 498 milliardar ({{{bnp_rangering}}}.)
27100 ({{{bnp_rangering_per_innbyggjar}}}.)
Valuta britisk pund (GBP; £)
Tidssone UTC⁠ (Greenwich Mean Time)



England er den største og mest folkerike av dei fire nasjonane som utgjer Storbritannia. England ligg i den søraustlege delen av øya Storbritannia, og grensar direkte mot Wales og Skottland.

Westminster

Namnet «England» kjem frå anglarane, eit av fleire germanske folk som kom til øya i det 5. og det 6. hundreåret. Området var på den tida delt i fleire rike, sju av dei blei i fellesskap omtala som Heptarkiet og var dei viktigaste. Samlinga til eitt rike fann stad i det 8. og det 9. hundreåret, og blei rekna som fullført under Alfred den store (regjerte 871–899).

England blir styrt direkte av det britiske parlamentet, og har lenge vore det politiske sentrum i Storbritannia. Hovudstaden i England, London, er òg hovudstaden i heile Storbritannia. Mot slutten av det 20. hundreår starta ein prosess mot auka regionalt sjølvstyre i Skottland og Wales, då det blei oppretta regionale parlament.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy