Eterisk olje

[Ei flaske eterisk olje av eukalyptus.

Eterisk eller flyktig olje er ei kompleks blanding av esterar, alkoholar, aldehydar, ketonar og terpenar. Eteriske oljer kjennast ved at dei er flyktige og luktsterke. Dei er lite vassløyselege, men løyser seg godt i alkoholar, feitt og oljer.

Plantar med høgt innhald av eteriske oljer vert bruka som krydder eller smakstilsetjing i mat og brennevin. Elles inngår eteriske oljer i parfyme og som smakstilsetjing i lækjemiddel. Bortsett frå dei små mengdene som finst i krydder, skal eteriske oljer brukast utvortes.

Ein vinn ut eteriske oljer frå aromatiske plantar. Utvinninga kan til dømes skje ved kaldpressing, destillasjon eller ekstraksjon.

Oljene kan trengje inn i kroppen gjennom huda, lungevevet eller mage- og tarmkanal. Oljene kan stimulere kroppsorgan ved å auke blodgjennomstrøyminga i muskelvevet, og dei kan verke antibiotisk. Dette vert utnytta ved aromaterapi. Dei eteriske oljene irriterer slimhinner, augo og hud. I tillegg gjev nokre eteriske oljer risiko for systemisk forgifting ved inntak gjennom munnen, inhalasjon eller langvarig hudkontakt. Oljene kan òg gje hudirritasjonar eller vere allergiframkallande.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy