Eton College | |||
Grunnlagd | 1440 | ||
---|---|---|---|
Kommune | Eton i Berkshire | ||
Livssyn | Den engelske kyrkja | ||
Nettstad | http://www.etoncollege.com/ | ||
Eton College 51°29′30″N 0°36′34″W / 51.491667°N 0.609444°W |
Eton College er ein privatskule (engelsk public school) i Eton, England. Den eksklusive skulen er for gutar i alderen 13–18 år.
Det går om lag 1200 elevar på skulen. Dei betaler ei årleg avgift på om lag 23 000 pund, og får i byte svært gode bu- og læringstilhøve. Som på dei fleste public schools er gjennomsnittskarakterane svært gode.
Skulen er kjend for dei tidlegare elevane sine, dei såkalla Old Etonians, og for dei gammaldagse tradisjonane ein held i hevd der. Dette inkluderer ei uniform som er sett saman av kjole og kvitt og smalstripa bukser. Uniforma vart fyrst nytta under sørgjeperioden etter Georg III, og vert no nytta i skuletida. Det finst òg ei rekkje slanguttrykk som stammar frå Eton, og som vert nytta i dei øvre samfunnslaga.
Eton College er populær i kongefamilien, og nitten britiske statsministrar har vore elevar der. Det er òg mange Old Etonians i det britiske militæret.