Europaveg 16 i Noreg

Europaveg 16 i Noreg
Vegnummerskilt riksveg E 16
Lærdalstunnelen
Lærdalstunnelen
Strekning
BergenGävle
Europaveg 16 i Noreg

E16 gjennom Noreg

E16 gjennom fylka
Informasjon
Lengd 493,8 km
Status riksveg
Tilstøytande vegar
Europaveg 16 i Noreg Europaveg 16 i Noreg
Europaveg 16 i Noreg Europaveg 16 i Noreg Europaveg 16 i Noreg Europaveg 16 i Noreg Europaveg 16 i Noreg
Restriksjonar
Bomstasjonar 1
Kolonnekøyring
om vinteren
Filefjell

Europaveg 16 i Noreg (E16) er ein norsk stamveg som går mellom Bergen og riksgrensa ved Kongsvinger (og vidare inn i Sverige. Til hausten 2012 var Sandvika i Bærum vest for Oslo endepunkt for vegen, strekninga frå Hønefoss til Sandvika er no berre ei arm av E16. Vegen var 493,8 km lang før forlenginga til riksgrensa, og han er del av Europaveg 16.

E16 er ein av hovudvegane aust-vest, og heile strekninga ligg nord for Oslo (med unntak av arma Hønefoss-Sandvika). På Filefjell (det høgaste vegpunktet) passerer i gjennomsnitt 700 køyrety i døgnet (trafikken er dobbel så stor i juli), av dette om lag 20 prosent tungtrafikk.[1] Ved Nygårdstangen i Bergen passerer om lag 32000 køyrety i døgnet,[2] medan det i Sandvika i Bærum passerer om lag 35 000 køyrety i døgnet (tal for 2005-2011.[3]

Den lengste vegtunnelen i verda, den 24 509 meter lange Lærdalstunnelen, ligg på E16. Det gjer også den over 11,4 kilometer lange Gudvangatunnelen, som er den nest lengste tunnelen i Noreg. Mellom Gudvangen og Lærdal er det 51,5 km, og av det 43,0 km i tunnel.

Mellom Bergen og Åsane deler vegen trasé med Europaveg 39.

Traseen over Filefjell vart allereie i 1793 etablert som hovudveg mellom Oslo og Bergen, den såkalla Bergenske Kongevei.[4] Den gongen gjekk vegen langs Randsfjorden om Etnedal (ikkje Begnadalen) og den enda på Lærdalsøyri der det var båt til Bergen.

  1. Statens Vegvesen Arkivert 2015-04-30 ved Wayback Machine. ÅDT for Sogn og Fjordane, udatert rapport, lese 4.juli 2012
  2. Statens Vegvesen Arkivert 2015-04-30 ved Wayback Machine. ÅDT for Hordaland, udatert rapport, lest 4.juli 2012
  3. Statens Vegvesen Arkivert 2015-04-30 ved Wayback Machine. ÅDT for Akershus, udatert rapport, lese 4.juli 2012
  4. Hvattum, Harald (1993): På gamle veger i Valdres. Fagernes: Valdres forlag og Valdres folkemuseum. (Ifølge Hvattum vart køyrevegen over fjellet påbegynt i 1792 og i 1794 var vegen så bra at det vart sett opp ei "stiftssøtte" ved grensa, men arbeidet på vegen fortsette i fleire år etter det.)

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy