Europeisk kulturhovudstad

Kart over europeiske kulturhovudstader

Europeisk kulturhovudstad vart skipa i 1985 etter eit initiativ frå den greske kulturministaren Melina Mercouri i eit møte 13. juni 1985 blant kulturmenistrane i EU. Formålet med ein europeisk kulturhovudstad skal vere å bringe folkesetnaden i Europa saman. EU utpeikar kulturhovedstad på bakgrunn av ein anbefaling frå Kommisjonen og synspunkt frå EU-parlamentet. Frå 2005 er det lagt til grunn eit rotasjonssystem slik at kvart medlemsland har høve til å fremje kandidatane sine eit bestemt år. I tillegg kan europeiske ikkje-medlemsland framme kandidatar, slik at det kan bli inntil to kulturhovudstader kvart år. Bergen var kulturhovudstad i 2000 og Stavanger/Sandnes var det i 2008. For 2024 er det Bodø i Nordland som er blitt tildelt tittelen, saman med Tartu og Bad Ischl.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy