Evangeliet etter Johannes

Evangelisten Johannes måla av El Greco.

Evangeliet etter Johannes (Johannesevangeliet) er ei bok som inngår i Det nye testamentet. Det forkortast Joh.. På originalspråket har evangeliet tittelen Κατά Ιωάννην, (gresk for etter Johannes).

Symbolsk vert evangelisten Johannes gjerne framstilt som ei ørn.

Innhaldsmessig skil Johannesevangeliet seg markant frå dei tre evangelia etter Matteus, Markus og Lukas; desse tre vert kalla synoptiske evangelium, sidan det går an å jamføre dei kapittel for kapittel. Johannesevangeliet gjev eit noko anna bilete av Jesu historiske vyrke,med unntak av sjølve lidingssoga. Det tek berre opp eit lite utval (sju) underverk som han skal ha utført, og framstiller dei som symbol for Jesu guddom. Johannesevangeliet inneheld få likningar. Jesus talar i staden biletleg med underliggande meiningar. Det typiske for teologien i dette skriftet er den såkalla høgkristologien, dvs. at Jesus blir presentert som Messias/Kristus, verdsens frelsar, alt frå første side og jamstilt med Faderen (Eg og Faderen er eitt, Joh. 10,30).

Johannesevangeliet har alltid vore rekna som det som var skrive sist av evangelia, slik er det òg plassert i Bibelen. Moderne forskarar daterer det til mellom 90-100 e Kr. Forfattaren er ukjend, men etter kristen tradisjon vart det nedskrive av læresveinen og apostelen Johannes.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy